Turleiaren gjekk åleine

Botnavatnet søndag 19. februar 2017.
Botnavatnet søndag 19. februar 2017. Foto: Kjell Arne Hjellbrekke

Botnanipa freista tydelegvis ikkje i regn og skodde.  Dermed måtte turleiaren gå åleine, og her er rapporten hans.

Planen var å gå på ski til Botnanipa, men då ingen møtte opp gjekk turleiaren istaden ein tur til Botnavatnet, og vel så det. Regn og skodde låg i fjellsida rundt vatnet, ca 500 moh., men ok skiføre.  Opne bekkar i området gjer at ein må av med skia av og til. Snø er det bra med, sjølv om det kan sjå ut som om det er litt lite i starten.

Tekst og foto: Turleiar Kjell Arne Hjellbrekke