Turprogrammet er like rundt hjørnet

Hektisk aktivitet med å feste adresse-etikettar på hefta før dei skal sendast ut i posten.
Hektisk aktivitet med å feste adresse-etikettar på hefta før dei skal sendast ut i posten. Foto: Turid Ness

Om få dagar kjem turprogrammet i ein postkasse nær deg.

Også i år sender vi ut turprogrammet til alle hovud-, student/Ung- og honnørmedlemmer, inkludert livsvarige medlemmer.  I løpet av veke 8 skal du ha det i postkassen din.  Torsdag kveld 16. februar var det hektisk aktivitet med å klistre adresse-etikettar på hefta, og gjere dei klare for utsending dagen etter.

I år har vi endra litt på innhaldet og utsjånaden på turprogrammet. Fleire og større bilete og mindre tekst håpar vi skal styrke kjensla av at du opnar ei dør til naturen når du blar opp i heftet. Målet med programmet er ikkje berre å gi eit oversyn over dei 132 turane og aktivitetane vi tilbyr små og store, men det skal vere like mykje til inspirasjon. Det skal gi deg ein liten smakebit av kva Indre Sunnfjord Turlag tilbyr alle aldersgrupper.