På broddar til Klungeren

16 deltakarar (inkl. fotografen) fekk oppleve Klungeren frå si beste side.
16 deltakarar (inkl. fotografen) fekk oppleve Klungeren frå si beste side. Foto: Audun Viken

Sol, vindstille og perfekt føre for broddar. Klungeren leverte.

Kva gjer du viss snøen uteblir og truger (og ski) ikkje duger? Jau, då hentar du fram broddane og stikk til fjells likevel. Det gjorde dei 16 deltakarane på det som skulle vere årets første trugetur i regi av Indre Sunnfjord Turlag. Og det fungerte. Mykje av turen gjekk på barmark, men i dei siste bakkane opp mot toppen var det litt snø. Den var såpass hard at broddar var løysinga for å få godt fotfeste både opp og ned.

Ifølgje GPSen til Jan Roar brukte vi halvannan time opp. Det var faktisk ti minuttar seinare enn på tilsvarande tur for to år sidan, og då gjekk vi på truger. Men verken Jan Roar eller oss andre var opptekne av klokka denne lørdagen. Turen var målet i seg sjølv, og med vindstille og sol frå skyfri himmel på toppen var det freistande å berre verte sitjande og nyte utsynet lenge etter at nista var oppeten.

Fjellheimen synte seg frå si beste side denne dagen. Mange saknar snøen og skiturane, men det er no ikkje så verst å gå fottur i februar heller. :-)