Bli med på folkevandring til Hafstadfjellet

Hafstadfjellet
Hafstadfjellet Foto: Roy Raasholm Fauske

I år er det 20 år sidan Førde fekk bystatus. Det vert mellom anna feira med folkevandring opp "bystien" til Hafstadfjellet

Jubileumshelga startar med folkevandring opp ”bystien” til Hafstadfjellet fredag 17. februar kl 18.00.

Frå arrangementsgruppa for feiringa av byjubileumet får vi opplyst at det er oppmøte ved Rådhuset.

 - Førde Kommune har 1000 faklar, og det reknar vi sjølvsagt ikkje med er nok, så ta med hovudlykt. Skulle vinteren brått kome, opnar det for ski, truger, kjelke og akebrett. Du kan følge fakkeltoget heilt til topps, snu halvvegs    eller berre gå opp trappene og retur via Lysthaugen og Nynorskens skog. Uansett - di deltaking er verdifull, oppmodar gruppa.

Arrangøren seier det vil vere eit vakkert syn å sjå faklar heile vegen opp.

- Det vil også vere eit vakkert syn å sjå alle Førdeglade folk samlast for å feire byjubileumet. Bur du i nabokommunen, så er du hjarteleg velkomen til å bli med. Dette er også din by! Vi oppfordrar alle lag og organisasjonar, alle nabolag, familie og venner og alle bedrifter til å bli med på denne uformelle og enkle markeringa som startar feiringa av Førde by som 20 år. Er du med på å bygge fellesskap og samhald for byen vår?

Følg med på gruppa som vert oppretta på Facebook. Bruk #VårtFørde på Instagram og Snapchat, oppmodar arrangøren.

IST oppmodar alle sine medlemmer, både born og vaksne, om å stille på denne folkevandringa til byfjellet vårt og eit av Sunnfjords mest populære turmål.