Turprogrammet er under utarbeiding

Oppstigninga gjennom Lundeskaret
Oppstigninga gjennom Lundeskaret Foto: Indre Sunnfjord Turlag

Ventar du på turprogrammet for 2017? Det nærmar seg.

Programmet er byrja å ta form. Barnas Turlag har alt levert inn sine oversikter over turar og arrangement i 2017. Og styret har hatt to møte der vi har sett opp vaksenturane i lag med Ung-gruppa, bre- og fjellsport og seniorgruppa. Det vert minst like mange, og ikkje minst spennande, turar som i fjor. Ein del nye turmål dukkar og opp. Gled deg!

No er det berre nokre få avklaringar som gjenstår, før heftet skal lagast, trykkast og sendast ut til alle medlemmane.  Nytt av året er også at sjølve programheftet vil få ein litt annan utsjånad og vere litt mindre omfangsrikt enn tidlegare utgåver. Men turoversikten er med. :-)

Alle turane vil uansett få ein omtale på nettsida vår, med bilete og alt du som deltakar treng av informasjon om turen.

Vi satsar på å sende ut turprogrammet i posten i starten av februar.