Mange vart med til fjells nyttårsaftan

Mange hadde med seg vedkubbar i sekken, og bidrog til eit bål som varma både lenge og vel.
Mange hadde med seg vedkubbar i sekken, og bidrog til eit bål som varma både lenge og vel. Foto: Roy Raasholm Fauske

For mange er det blitt fast tradisjon å markere siste dagen i året med tur på Hafstadfjellet, bålkos og litt allsong. Nyttårasftan 2016 var ikkje noko unnatak.

For 17. året på rad inviterte Indre Sunnfjord Turlag på tur til Hafstadfjellet nyttårsaftan. Dette er blitt ein populær tradisjon for mange. Med nokre vedkubbar i sekken og litt julegodt å bite i, går både små og store til topps før ein finn ein høveleg bålplass i le for vinden. Også i år måtte vi litt nedatt i lia for å finne greie forhold til kosen. Og kos vart det. Rikeleg med ved på bålet og julekaker, skillingsbollar, grovbrød med brunost osv på menyen, og vatn, saft, kakao og kaffi attåt, gjorde til at i alle fall underteikna fekk ei kjensle av eit aldri så lite julegjestebod. Og tradisjonen tru var det og allsong rundt bålet, der alle versa i "Det lyser i stille grender" vart sunge.

Trass i dårleg akeføre og litt småsurt ver, talde underteikna til eit føritals personar rundt bålet. I tillegg var det også ein god del andre fjellvandrarar å sjå på vegen. Fleire tok seg også tid til å stoppe og slå av ein prat med følgjet rundt bålet.