Har du turønskjer?

Foto: Vigdis Flaten Kvamme

Har du turønskjer for 2017, så hadde det vore fint om du tok kontakt med oss.

Styret har starta arbeidet med å setje opp eit turprogram for 2017. Programmet vert publisert både på nett og i eit eige hefte som vert sendt medlemmane i posten.

Når vi no skal setje opp neste års program ønskjer vi flest mogeleg innspel frå medlemmane våre. Korte og lange turar. Krevjande og lette turar. Turar som passar alle. Klatring, brevandring, padling, hytte til hytte-tur. Vi vert glade for alle turforslag. Du kan anten gå inn på Facebook-sida vår og skrive inn forslaget ditt der eller du kan ta kontakt på:  isturlag@gmail.com

Siste frist er 19.12.16.