Vi vil til topps i 2017 :-)

Maritinden
Maritinden Foto: Øystein Halvorsen

Maritinden er ein av toppane på Bre og Fjellsport-gruppa sitt program for 2017.
Under finn du eit forslag på turar vi tenkjer kan vere med på å gjere 2017 til eit spennande turår. Men... vi vil gjerne ha forslag frå deg, både når det gjeld turleiarar, datoar og andre turar. Send ein epost til isturlag@gmail.com eller ta kontakt med ein av oss i gruppa. Per Tore Meier ( 41505600 ), Frode Hatten ( 92669403 ), Jorunn Vågen ( 48141729 ), Sigurd Årskaug ( 91388622 ) eller Asle Veien ( 97055203 ). 

Nokre førebels idear til turar på programmet:
Klatring på Maritinden,Tverrådalskyrkja, Austanbotntind, Grytadalen, Molladalen,
Skiturar på Syskardsnipa, Grovabreen,Gotdalsnipa, Snønipa, Turtnegrøeggja.
Det blir som tidlegare år, Leik i blåisen, Bretur på Snønipa og Lunde/Fjærland. Vi ynskjer også eit kurs i berging på bre, for dei som har fullført brekurs.
Vidare vert det sportsklatring for nybyrjarar både ute og inne på den nye klatreveggen i Førde.
Vi vil også ta med nysgjerrige på trygg isklatring dersom forholda ligg til rette for det.

Men det er plass til meir. Bruk fantasien! :-) 

Skrevet av Asle Veien 23. november 2016