Suksess for TiTurFørde

219 innleverte turkort. 20.830 registrerte turar. 612 innsende bilete. Det er kort oppsummert status for nyvinninga TiTurFørde.

Av alle innsende bilete til #titurførde eller #titurforde let vi denne augneblinken - fanga av Børge Klakegg på Sandegga - stå som den visuelle oppsummeringa av tidenes første TiTurFørde. For dette flotte motivet vart Klakegg premiert med ei Bergans-jakke på årsmøtet til Indre Sunnfjord Turlag. 

Styret var spente på responsen då vi på forsommaren lanserte eit nytt tilbod om å premiere alle som gjekk på ti utvalde toppar rundt Førde - det vil seie alle som tok seg bryet med å levere inn turkortet og ikkje berre skrive seg i boka på toppen.

Responsen har vore formidabel. Tilbakemeldingane har berre vore positive, og både unge og eldre har late seg motivere til å gå turane. Yngstemann var 1,5 år, medan eldste var passert 80. Astrid Kalstveit, dagleg leiar i Sogn og Fjordane Turlag, har velvillig teke imot korta og levert ut brettekoppar og panneband. På årsmøtet sist fredag 11. november vart samtlege av vinnarane av houvdpremiane i TiTurFørde tilstades. Dei var trekte ut blant alle turkorta og fekk var si jakke frå Bergans. Gratulerer!

Og til dei som lurer på om det vert TiTur også i 2017, så er svaret ja. :-) Då vert det ei blanding av nye turmål, og nokre av toppane frå årets utgåve. I tillegg kjem det ein ny app frå DNT som vil gjere det enklare å registrere turane. Men bøker på toppane vert det uansett.

Og for dei ekstra nyfikne kan vi røpe at trafikken (registrerte turar i bøkene) fordelte seg slik på dei ulike toppane i perioden frå 1. juni til 1. november:

Hafstadfjellet: 6112, Fauskevarden 3167, Viefjellet 2250, Eikåsnipa 2036, Fureviknipa 1884, Halbrendsnipa 1783, Førdsnipa 1680, Skogstadfjellet 795, Sandegga 690 og Sandfjellet 433. 

Desse var dei heldige vinnarane av hovudpremiane - jakker frå Bergans - til TiTurFørde: Lillian Smelvær Olstad, Edvin Bruland, Mariann Ulltang Birkeland, Thomas Tefre og Børge Klakegg.
Desse var dei heldige vinnarane av hovudpremiane - jakker frå Bergans - til TiTurFørde: Lillian Smelvær Olstad, Edvin Bruland, Mariann Ulltang Birkeland, Thomas Tefre og Børge Klakegg. Foto: Roy Raasholm Fauske