Her er det nye styret

Desse skal styre Indre Sunnfjord Turlag i 2017: Frå venstre Jorunn Vågen, Geir Andvik, Lydia Nesje, Ronny Iden, Kjell Arne Hjellbrekke og Roy Raasholm Fauske.  Dei to siste medlemmene, Anita Rennestraum og Vigdis Flaten Kvamme, var ikkje tilstades på årsmøtet.
Desse skal styre Indre Sunnfjord Turlag i 2017: Frå venstre Jorunn Vågen, Geir Andvik, Lydia Nesje, Ronny Iden, Kjell Arne Hjellbrekke og Roy Raasholm Fauske. Dei to siste medlemmene, Anita Rennestraum og Vigdis Flaten Kvamme, var ikkje tilstades på årsmøtet. Foto: Jan Roar Sekkelsten

Kjell Arne Hjellbrekke vart attvald som leiar og styret fekk to nye medlemmer.

Det var heile 50 frammøtte i salen då leiar Kjell Arne Hjellbrekke ønskte velkomen til årsmøte i Indre Sunnfjord Turlag sist fredag, 11. november.  Utanom dei vanlege årsmøtesakene, fekk styret med seg årsmøtet på ei vedtektsendring som inneber at styret kan disponere inntil 100.000 kroner til ikkje-budsjetterte utgifter utan å be årsmøtet om fullmakt. Tidlegare har ikkje styret hatt slik fullmakt.

Både vedtektsendringa, årsmeldinga, rekneskapen, budsjettet og handlingsplanen vart samrøystes vedtekne av årsmøtet. Referatet frå årsmøtet vert lagt ut på nettet så fort det er underskrive. 

Elles var det kjekt å sjå at ungdommen stilte engasjerte og mannsterke på årsmøtet. Ung-gruppa har no skifta namn til DNT ung Indre Sunnfjord, og fekk på årsmøtet tre nye medlemmer i gruppestyret. Dette lovar godt for rekrutteringa og eit fortsatt aktivt ungdommiljø i IST. 

Elles vart premiane til TiTurFørde delte ut, før kvelden vart avslutta med eit spennande foredrag med Sandra Hove som fortalde om korleis ho og familien lever eit aktivt friluftsliv med små born på tur til alle årstider.

Her er den fullstendige lista over alle tillitsvalde i Indre Sunnfjord Turlag det komande året:

Hovudstyre: Kjell Arne Hjellbrekke (leiar), Geir Andvik (styremedlem, ny), Anita Rennestraum (styremedlem, ny), Ronny Iden (styremedlem), Roy Raasholm Fauske (styremedlem), Lydia Nesje (vara), Vigdis Flaten Kvammen (vara) og Jorunn Vågen (vara).  Styret konstituerer seg og fordeler arbeidsoppgåver på første styremøte etter årsmøtet. 

Barnas Turlag: Anne Grethe Lien (leiar), Kristin Søvik Syltesæter, Christine Nikøy Rogne, Ronny Kjøde (ny), Steffen Ben Jonstad (ny), Heidi Vallestad og Torill Hukset (vara). 

DNT ung Indre Sunnfjord: Håvard Sandal Høyvik (leiar), Bendik Haaland Schei (ny), Ole Marius Johnsen, Anders Nesse (ny) og Andre Bruland Gurvin (vara, ny). 

Bre- og fjellsportgruppa: Per Tore Meier (leiar), Asle Veien (ny),  Frode Hatten (ny), Sigurd Årskaug og Jorunn Vågen (vara).

Seniorgruppa: Sigrid Gjelsvik (leiar), Edith Falkenstein (ny), Odd Skrede, Anders Bergseth og John Lien (vara, ny). 

Hyttestyret: Kjell Kleiven (leiar), Per Tore Meier, Terje Jan Nes, Arnfinn Valaker og Mariann Svingen (vara, ny). 

Valnemnd: Jorunn Liv Kleiven (leiar), Jan Roar Sekkelsten og Irene Befring. 

Revisorar: Marit Nikø og Bjarte Erdal.

Det nye styret i DNT ung Indre Sunnfjord:  f.v. Bendik Haaland Schei, Andre Bruland Gurvin, Anders Nesse og leiar Håvard Sandal Høyvik. Ole Marius Johnsen var ikkje tilstades på årsmøtet.
Det nye styret i DNT ung Indre Sunnfjord: f.v. Bendik Haaland Schei, Andre Bruland Gurvin, Anders Nesse og leiar Håvard Sandal Høyvik. Ole Marius Johnsen var ikkje tilstades på årsmøtet. Foto: Astrid Kalstveit