Takka for stor innsats

Asle Veien (t.v.) vert takka for innsatsen av leiar Kjell Arne Hjellbrekke.
Asle Veien (t.v.) vert takka for innsatsen av leiar Kjell Arne Hjellbrekke. Foto: Roy Raasholm Fauske

Etter 12 år i styret takkar Asle Veien for seg. No ventar nye utfordringar.

Nestleiar Asle Veien har takka nei til attval når Indre Sunnfjord Turlag held årsmøte fredag 11. november. I 12 år har Asle vore med i styret, der han har handtert ei rekke oppgåver. Men no er det altså slutt. Men det betyr ikkje at Asle er leie friluftsliv og turlaget. Tvertimot. No ventar nye utfordringar i bre- og fjellsportgruppa i IST, der han har sagt seg villig til å bidra. Med andre ord vert det mindre administrasjon og endå meir fokus på aktivt friluftsliv for fjellvandraren, toppturentusiasten, klatraren, dataeksperten og humørspreiaren frå Breim.  

Sidan Asle er bortreist på årsmøtet nytta leiar Kjell Arne Hjellbrekke høvet til å takke Asle for stor og mangeårig innsats som styremedlem på siste styremøtet. Der vanka det både gåvekort og godord frå leiaren og resten av styret.