Saklista til årsmøtet

Leiar Kjell Arne Hjellbrekke inviterer til årsmøte.
Leiar Kjell Arne Hjellbrekke inviterer til årsmøte.

Her er saklista til årsmøtet fredag 11. november kl 18.00 på Scandic Sunnfjord Hotell.

Sakliste årsmøte i Indre Sunnfjord Turlag fredag 11. november kl 18.00:

Sak 1) Konstituering

a) Godkjenning av innkalling.

b) Godkjenning av sakliste.

c) Val av ordstyrar.

d) Val av skrivar.

e) Val av to til å skrive under protokollen.


Sak 2) Årsmelding

Vert publisert på nettsida før årsmøtet.


Sak 3) Saker til årsmøtet 2016

Sak frå styret: Endring av vedtekter §9 Fullmakter. Styret ønskjer å få fullmakt til å disponere inntil 100.000 kroner til ikkje-budsjetterte utgifter.

Forslag til vedtak på årsmøtet: Styret har fullmakt til å disponere inntil kr 100.000,- til ikkje-budsjetterte utgifter.

(Denne setningen kjem som tillegg i §9 i vedtektene.)


Sak 4) Rekneskap

Vert lagt fram på årsmøtet.


Sak 5) Handlingsplan for 2017

Årleg rullering av handlingsplanen vår. Forslaget til plan kan du lese her: Handlingsplan 2017


Sak 6) Budsjett 2017

Vert lagt fram på årsmøtet.


Sak 7) Val

Valnemnda legg fram forslaget sitt.


Det vert matservering og gåve til alle som møter.

Det vert elles overrekking av premiar i historiens første TiTurFørde. 

Etter årsmøtet kan vi freiste med underhaldning. Sandra Hove frå Naustdal vil fortelje og syne bilete frå spennande turar i skog og fjell. Hove lever eit aktivt friluftsliv saman med familien året rundt, der både toppturar, isklatring og hundekøyring er blant aktivitetane.