Framskundar fristen for innlevering av TiTur-korta

TiTurFørde  gir deg eit variert utval av turmål
TiTurFørde gir deg eit variert utval av turmål Foto: Jan Roar Sekkelsten

Vi framskundar fristen for innlevering av turkorta til TiTurFørde. Ny, siste frist for innlevering er fredag 4. november.

Grunnen til at vi har framskunda innleveringsfristen for turkorta er at vi ønskjer å dele ut premiane på årsmøtet fredag 11. november.

Fristen for å registrere seg på TiTur-toppane gjekk ut måndag 31. oktober. Og opphaveleg hadde vi sett ein frist til 15. november med å levere inn turkorta til Astrid på turlagskontoret. Men fordi årsmøtet i IST i år vert halde litt tidlegare enn i fjor, har vi altså valt å framskunde innleveringsfristen då vi ønskjer å gjere litt stas på vinnarane på sjølve årsmøtet.

I tillegg til brettekoppane, som alle får, vert det trekt to ytterjakker frå Bergans blant alle utfylte turkort. Vi trekker og ein vinnar blant dei som har sendt inn bilete til #titurførde. Premien her er og ei Bergans-jakke.

I tilfelle du ikkje rekk å levere inn turkortet fysisk på kontoret, kan du også sende det på e-post til: isturlag@gmail.com. Då sender vi brettekoppen i posten til deg. :-)

Tidenes første TiTurFørde vart ein stor suksess med fleire tusen registrerte turar og hittil nærare 200 innleverte turkort. :-)