På tur med Vigdis og Trond

Foto: Alf Vidar Snæland

21 turleiarar møtte fram då IST inviterte til fagleg påfyll og inspirerande underhaldning frå villmarka.

Tysdag 25. oktober inviterte styret alle turleiarane til ei lita samling på Scandic Sunnfjord Hotell. Målet med møtet var å samle flest mogeleg av turleiarane til eit fagleg fellesskap. Det er alltid viktig å kome saman for å dele erfaringar og inspirere kvarandre til nye oppdrag. Dei 21 turleiarane som møtte fekk høyre styremedlem i IST og leiar i kurs og fjellsport i SFT, Vigdis Flaten Kvamme, innleie om turleiarrolla og risikovurderingar av turar. Sjølv om dei fleste som var tilstades er erfarne turleiarar, er dette kunnskap som det alltid kan vere nyttig å gå gjennom med jamne mellomrom.

Etter halvannan time med turleiar-fokus, opna vi dørene og sleppte inn også andre interesserte som ønskte å få med seg føredraget til Trond Strømdahl. I overkant av 30 personar fekk høyre han fortelje om livet i villmarka med Lars Monsen både i Norge og i villmarka i Alaska. Gode forteljarar inspirerer alltid til sjølv å ta turen i skog og fjell.  Strømdahl var i så måte ingen unnatak.

Trond Strømdahl fortalde om livet med Lars Monsen.
Trond Strømdahl fortalde om livet med Lars Monsen. Foto: Alf Vidar Snæland