Medlemsavtale med Puls

Indre Sunnfjord Turlag har no teikna avtale med Puls, som gir medlemmane våre gode rabattar på treningssenteret.

Er du medlem av Indre Sunnfjord Turlag og teiknar ein bindande kontrakt på 12 månader betalar du 399 kroner per månad. Ordinær månadspris er 449 kroner. Elles gjeld vanlege medlemsvilkår på Puls. Hugs å ta med medlemskort når du teiknar kontrakt.

IST samarbeider også med Puls om gåturar med styrketrening kvar måndag frå kl 17-18 i og rundt Førde sentrum.

Puls marknadsfører seg som det nyaste og mest moderne treningssenteret i Førde. På nettsida si skriv dei følgjande om kva dei tilbyr medlemmene sine:

"På senteret finn du blant anna Norges største PurMotionrigg, samt Sogn og Fjordane si største frivekt- og funksjonelle sone, med kunstgras. Kondisjonsona vår er utstyrt med både tredemøller, syklar og elipsemaskiner.

Senteret er arkitektteikna, med fokus på eit oversiktleg og ope treningsareal. Inneklimaet er av beste kvalitet, grunna vårt toppmoderne ventilasjonsanlegg. Dette blei ytterleggare oppgradert sommaren 2015.

I tillegg til dette har vi mykje anna for våre medlemmar. Gruppetreningar, utetrening, seniortrim, og saltimar for våre unge og lovande. Kom gjerne innom dersom du ynskjer ein prøvetime. Denne får du gratis av oss!"

Frå før har IST også avtale med Spenst, som gir medlemmane våre gode rabattar også hos dei.