Korleis fange (na)turen med mobilen

Foto: Kjell Befring

Alle kan ta turbilete med mobiltelefonen. Men kva er triksa for å gi bileta det vesle ekstra?

Det var spørsmålet laurdagens kurs i "Ta gode turbilete med mobilen" prøvde å gi eit svar på. Sju deltakarar let seg freiste av spørsmålet.  Målet til Indre Sunnfjord Turlag og fotograf Alf Vidar Snæland var å lære bort enkle triks som kan bidra til å gjere turbileta endå betre, og ikkje minst inspirere turgåarar til å ta bilete. 

Ramma for kurset kunne ikkje blitt betre. Eit spegelblankt Langelandsvatn, bada i sol og omkransa av haustfarga skog. Sjølv om veret freista til alt anna enn å setje seg inn i Røde Kors-hytta, var det likevel naudsynt å dra gjennom dei grunnleggjande prinsippa i korleis komponere eit godt bilete og syne nokre døme, før Snæland tok deltakarane med ut i sola.

Utstyrt med mobiltelefonar og fersk inspirasjon frå fotografen leita deltakarane ivrig etter motiv langs turvegen og nede ved vatnet. Spesielt nokre båtar i haustopplag og det spegelblanke vatnet fekk stor merksemd. Klassise turmotiv som er gode å trene seg som fotograf på.

Etter fotosafarien og ein matbit gjekk vi gjennom bileta i plenum og evaluerte. Deretter gav Snæland deltakarane ei innføring i korleis vi kan drive enkel redigering av bileta på mobilen.

Kurset vart avslutta med ei ny runde i skogen utanfor hytta, der vi fekk ny inspirasjon og servert nye triks: Korleis gi utsiktsbilete ein ny vri? Korleis utnytte sollyset og fargane i naturen?