Populært med sentrumsnære turar

Foto: Alf Vidar Snæland

Lette gåturar i sentrum med innlagt styrketrening er verkeleg blitt eit populært tilbod.

I lag med treningssenteret Puls og Fritt Fram - frisklivssentralen i Førde kommune - er dette tredje måndagen Indre Sunnfjord Turlag tilbyr ein sentrumsnær og lett gåtur med innlagt bøy og tøy. Denne dagen er det IST-turleiar Alf Vidar Snæland, Puls-instruktør Ellen Jensen og Doris Rutledal frå Frisklivssentralen som leier an turfølgjet som totalt tel 28 deltakarar. Dei to første gongane har deltakartalet lege på rundt 20 personar.

I solskinnet går turen frå Laksen på Utstillingsplassen via Hafstad vidaregåande skule til Hafstadparken. Nokre lette styrkeøkter vert gjennomført undervegs, før følgjet snur på toppen av BMX-løypa i parken og endar opp igjen på Utstillingsplassen ein time seinare. Då har turleiar Snæland også fått tid til å fortelje litt om sykkel-aktiviteten (BMX) i løypa.

Tilbodet om denne typen lågterskelturar har altså blitt svært populært i løpet av kort tid. "Trim i Sentrum" er eit prøvetilbod som i første omgang vil gå kvar måndag frå kl 17-18 fram til jul. Dette er turar for alle, også for dei som ikkje klarer å gå med høgt tempo eller i oppoverbakke. Turane går i Førde sentrum og dermed stort sett i flatt terreng. Frammøte ved Laksen på Utstillingsplassen.

Tilbodet er gratis og krev ikkje noko form for medlemskap. Tilbodet er eigna for folk i alle aldrar – og ideelt for dei som rett og slett berre treng å kome seg ut av godstolen og ut i frisk luft. Det vert lagt opp til at spesielt eldre kan prioriterast.