Flottare vert det ikkje

Over skyene
Over skyene Foto: Dag Nestegjerde

Dei fekk full uttelling for turen til Loen dei 17 som var først ute med å melde seg på Via Ferrata søndag 2.okt. Det er kjedeleg ikkje å kunne ta med alle som ville vere med. Det er fleire grunnar til at vi ikkje ynskjer fleire på desse turane.

For det første har vi ikkje utstyr til fleire i IST. Viktigare er det at om vert gruppa for stor, mister turleiarane oversikta på gjengen. Ein tredje grunn er at som turlag, ynskjer vi ikkje i FOR stor grad å framstå som ein konkurrent til Loen Aktiv som driv kommersielt. Det er trass alt dei som har kosta bygginga av Ferrataen. Av den grunn leverer vi også den innsamla turavgifta direkte til Loen Aktiv.

IMG_0291

Videoen til Hjørdis Vik og bilda til Dag Nestegjerde fortel vel det meste om turen og dagen. Vi starta dagen klokka sju frå Førde i mørke med tett tåke og temperatur rett i overkant av null. Etter at klatreutstyret var utdelt tok vi i veg dei 400 høgdemeterane opp til Jomfruberget - den første vesle prøva på om dette var for tøft for nokon. Det var ingen som fann å ville avslutte der.

Etter kvart fekk vi tåka under oss og temperaturen i veggen var høg nok til at ein kunne kaste jakkene. Tørt og fint fjell innbaud for nokre til å prøve den vanskelegaste vegen opp - E-ruta. Ingen tok synlege skader av turen over brua og dei fleste tok også wireen over neste juv. 

Vel oppe møtte vi litt snø og fekk sjå kor langt dei er komne med det som skal bli taubanestasjon og restaurant neste vår. Turen ned igjen frå Hoven er ikkje spesielt spennande så neste år tek vi kanskje bana heimatt etter eit pittelite glas øl på toppen.

Takk for turen til ein super gjeng! 

2.10.16 Via Ferrata

Skrevet av Asle Veien 3. oktober 2016