Dugnad på Longevasshytta

Etter ei ny og vellykka dugnadnadshelg 15.-18. september med stor aktivitet, minkar det på arbeidet med å utvide hytta og uthuset.

Dei første reiste opp torsdag kveld, og var klare fredag morgon til å ta imot helikopteret som fauk opp nødvendig utstyr, materialer, proviant og andre nyttige saker.

 

Sidan vi starta opp arbeidet med å utvide hytta har det vore organisert fleire dugnadar, uten at veret har vore spesielt godt eigna for utearbeid. Men denne helga klaffa det for ein gong skuld.

 

I forhold til nybygget hadde vi då fokus på utvendig arbeid, men det var også stor aktivitet inne. Vi fekk lagt nytt tak på heile hytta, beisa tilbygget og uthuset. Elles mangla det eit og anna beslag og nokre lister på vindauga, som vi også fekk gjort.

Nesten alle innvendige foringar på vindauga vart montert, pluss det som sto igjen av paneling i taket.

 

Dei som ikkje var brukande til å handtere hammar og spikar hadde andre kvalitetar. Dei vaska og skura hytta frå golv til tak. Alle madrassane var ein tur ute til lufting og nye senkle vart lagt på.

 

Eit par nevenyttige karar med pågangsmot fekk oppdraget med å rydde, rive ein vegg og gjere plass for eit par sengar som skal byggast i uthuset. Dei fekk også panelt opp to veggar og tetta rundt glaset med beslag og lister.

 

Vi var totalt 14 personar som hadde ei kjempefin helg på Longevasshytta. Det var mykje arbeid og lange arbeidsdagar som starta med felles frukost, og lunsj når tida var der. Dagen vart avslutta med ein fortreffeleg middag, som blei laga av svært dyktige vaskedamer, som er minst like flinke til å lage mat. 

 

Ref. Kjell Kleiven