Ta gode turbilete med mobilen

Foto: Alf Vidar Snæland

IST tilbyr no kurs i korleis du tek gode turbilete med mobiltelefonen din.

Dei fleste har med seg mobiltelefonen når dei er på tur i skog og fjell. Mange tek bilete for å ta vare på fine minne for ettertida. Og mange igjen postar bileta på sosiale medium eller sender dei inn til avisene. Uansett kva du måtte gjere med bileta, så er dei gode minne som du gjerne vil at skal verte best mogeleg – også i digital utgåve.

Difor inviterer Indre Sunnfjord Turlag til eit praktisk kurs i korleis ta gode turbilete med mobilen lørdag 8. oktober frå kl 10-14. Kurshaldar er fotograf Alf Vidar Snæland. Basen for kurset vert Røde Kors-hytta på Langeland. Men mykje av tida vil vi bruke ute i terrenget rundt hytta der deltakarane får prøve seg på ulike tematiske oppgåver. Innleiande undervisning og evaluering tek vi inne i hytta. Det vert også praktisk gjennomgang av kva mogelegheiter du har når det gjeld enkel redigering av bilete på mobil.

Målgruppa for kurset er alle som likar å ta turbilete med mobilen. Du treng ikkje vere medlem i DNT for å få delta. Kurset krev ikkje anna enn at du har ein mobil du veit korleis du tek stillsbilete med. Men hugs å lade mobilen før kursstart. Og har du ekstra batteripakke, USB-kabel og ladar, er det fint om du tek det med.

Det vert elles ei enkel matservering.

Kursavgift: kr 100,- for medlemmer i Indre Sunnfjord Turlag/DNT. Andre: kr 150,-. Kontant betaling ved frammøte.

Påmelding til tlf 970 55 206 (Roy Raasholm Fauske) innan torsdag 6. oktober.

Kurset vert halde uansett ver.

Foto: Alf Vidar Snæland