IST-medlemmer får rabatt hos Spenst

Kjell Arne Hjellbrekke (t.v.), leiar i Indre Sunnfjord Turlag og dagleg leiar hos Spenst, Kent Roger Engdal, gratulerer kvarandre med underskriven bedriftsavtale.
Kjell Arne Hjellbrekke (t.v.), leiar i Indre Sunnfjord Turlag og dagleg leiar hos Spenst, Kent Roger Engdal, gratulerer kvarandre med underskriven bedriftsavtale.

IST har teikna bedriftsavtale med Spenst som gir medlemmane våre gode rabattar på trening hos Førdes største treningssenter.

Fleire har etterspurt om Indre Sunnfjord Turlag har bedriftsavtale med Spenst. No har vi fått det.

Mange av medlemmane våre nyttar treningssenter, spesielt i den mørke og kalde årstida, til å legge grunnlaget for flotte turar i sommar- og vinterfjellet.  Difor er det kjekt å kunne presentere innhaldet i avtalen som nyleg vart underteikna av leiar Kjell Arne Hjellbrekke i Indre Sunnfjord Turlag og dagleg leiar hos Spenst, Kent Roger Engdal.

Prisar for medlemmer av IST:

Spenst Pluss (inkl CrossFit): 599 kr pr månad (ord. pris er 689 kr pr månd). Dette inkluderer fri inngang til Sunnfjord SPA og basseng, fri inngang til Spenst Florø, to rettleiingar inkludert pr år, ta med ein ven på trening inntil to gonger i månaden og book timar seks dagar i førevegen.

Spenst Pluss: 499 kr pr månad (ord. pris er 589 kr pr månad). Rabattpris for medlemmer over 50 år er 470 kr pr månad. Dette inkluderer fri tilgang til Sunnfjord SPA og basseng, to rettleiingar inkludert pr år, ta med ein ven på trening inntil gonger i månaden og book timar seks dagar i førevegen.

Spenst basis: 440 kr pr månad (ordinær pris er 489 kr pr månad). Rabattpris for medlemmer over 50 år 390 kr pr månad.

Avtalen gjeld medlemmer i Indre Sunnfjord Turlag og deira næraste familie som ektefelle, sambuar, born og søsken (aldersgrense 13 år).

Bindingstida på avtalen er 12 månader. Det er ikkje bindingstid på medlemskap hos Spenst på personar over 50 år.

Det er høve til å fryse medlemskapen ved svangerskap, sjukdom utover ein månad og utstasjonering i jobb/studier.

Meir informasjon om avtalen og tilbodet elles ved treningssenteret får du hos Spenst Førde, der du også melder deg inn. Hugs å ta med medlemskort i Indre Sunnfjord Turlag/DNT når du ber om bedriftsavtale. Ved teikning av medlemskap for andre familemedlemmer, må den enkelte vere med sjølv når kontrakten skal underskrivast.

Elles gjeld vanlege medlemstilbod der Spenst blant anna tilbyr:  

• PT Start: Alle nye medlemmer får to avtalar med personleg trenar inkludert i medlemskapet.

• Stort utval av treningsutstyr, samt gode opningstider. 05.00-24.00, 365 dager i året.

• Gratis barnepass.

• Godt utval av gruppetimar.

• Booke trening via mobil app, nettbrett eller PC/Mac.

• Prioritet ved venteliste hos behandlarar på HELSEHUSET. 15% rabatt på behandling på HELESEHUSET og SUNNFJORD SPA.

• Fordelskortet. Rabattar i over 40 butikkar i Førde.

• På tur. Tren på andre Spenst-senter i landet til kun kr 20,- pr. gong.

IST har også avtale med Puls, som gir medlemmane våre gode rabattar også hos dei.