Siste onsdagstur 2016

Foto: Terje Mo

Vi var 12 stk. som starta frå Bekkjavatnet kl. 17.15 i nydeleg haustver, overskya og mildt.  Etter jevn og roleg gange langs nordsida av vatnet, var vi ved Hunsrasta kl. 18.00, der kokkane var klar med grillmaten, og noko attåt.  Vi sat der og kosa oss til klokka var ca. 19.15, før vi gjekk sørsida tilbake til bilane.  Vi rakk akkurat tilbake før det vart mørkt.  Ein fin tur i fint ver og fint turterreng.  Måtte det gå lenge før hausten set inn for alvor, med regn, kulde og kanskje snø.  Takk til alle turdeltakarane!

Onsdagstur Hundsrasta 21.9.16
Klikk her for å skrive tekst.

Skrevet av Asle Veien 21. september 2016