Full klaff på Snønipaturen

Foto: Odd Haugsbakk

Dei hadde plotta inn rett stad og rett tidspunkt dei 46 som møtte innerst i Myklebustdalen for  å ta seg opp dei bratte bakkane mot Myklebustebreen og Snønipa (1827 moh) denne søndagen midt i september.

Stegjern og selar som passa både små 11 år gamle føter og bein som har gått nokre kilometer før, vart delt ut og tilpassa. Det var mange ukjente ansikt som klauv seg oppover dei bratte bakkane mot brekanten. Stadt, Ørsta, Polen, Hornindal, Gloppen,Høyanger i tillegg til nokre meir kjente ansikt frå Indre Sunnfjord Turlag, var representert i den glade og spreke turgjengen.
Denne oppgangen til Snønipa er nok av dei finaste. Dei markerte pinakkelane mot nord i dalen dannar eit heilt spesielt landskap.  

Alle som har vore med Gunnar Bjørlykke på tur veit at ei pause varer i 15 minutt - that´s it!  At pausene ikkje vart lenger kom nok godt med denne dagen. Det var byrja å skymest når alt utstyret vart pakka i bilane den kvelden. Han visste kva han gjekk til Gunnar... dette var den 69. turen hans.

Takk for ein super tur frå turleiarane Irene og Gunnar.



Første serie foto: Tormod Iversen

Andre serie foto: Odd Haugsbakk

Snønipa, 16.09.2016
Snønipa 18.9.16
Klikk her for å skrive tekst.

Skrevet av Asle Veien 19. september 2016