Nye turleiarar i IST

Nye turleiarar: Ahmad Dean (f.v.), Karina Helle, Adam Dean og Heidi Ødemark.
Nye turleiarar: Ahmad Dean (f.v.), Karina Helle, Adam Dean og Heidi Ødemark. Foto: Roy Raasholm Fauske

Fire medlemmer i Indre Sunnfjord Turlag vart i helga godkjende som turleiarar i DNT.

Karina Helle er aktiv i Barnas Turlag i Fjaler, medan Adam Dean, Ahmad Dean og Heidi Ødemark ikkje har praktisert som turleiarar enno. Alle har dei erfaring frå turar på fjellet og i skog og mark. Og alle er dei motiverte for nye oppgåver som turleiarar i Indre Sunnfjord Turlag. Brørne Dean frå Syria har spesielt lyst at syrerar og andre arabisktalande turgåarar skal få oppleve norsk natur.

Turleiarkurset (ambassadør/grunnleggande) vart halde i regi av Sogn og Fjordane Turlag i Stardalen helga 16.-18. september. Mesteparten av undervisninga føregjekk ute; på ruta mellom Befringsstøylen og Strupen (lørdag) og Haugastøylen og Oldeskaret (søndag). I alt var det det ti deltakarar på kurset.

Vi gratulerer!