Gåturar med styrketrening

Arkivfoto frå liknande tilbod hos DNT i Gudbrandsdalen.
Arkivfoto frå liknande tilbod hos DNT i Gudbrandsdalen.

Trim i Sentrum er eit prøvetilbod arrangert av Fritt Fram, Indre Sunnfjord Turlag og Puls.

Trimmen vert lagt opp med styrketrening undervegs på turen. Dette er turar for alle, også for dei som ikkje klarer å gå med høgt tempo eller i oppoverbakke. Turane går i Førde sentrum og dermed stort sett i flatt terreng.

Oppmøte måndagar klokka 17 ved Laksen og turane ligg på rundt ein time.

Tilbodet er gratis og krev ikkje noko form for medlemskap. Tilbodet er eigna for folk i alle aldrar – og ideelt for dei som rett og slett berre treng å kome seg ut av godstolen og ut i frisk luft. Det vert lagt opp til at spesielt eldre kan prioriterast.

Første turen går måndag 19. septemper klokka 17 - 18 og same tid alle måndagar fram til jul.