Tur over evig snø

På vei over breen
På vei over breen Foto: Ronny Iden

Då bilane var parkert på den vesle parkeringspassen og breutstyr var på plass i sekken til dei 14 deltakarane, var det berre å slå følgje med geitene oppover Søgnesandsdalen.

Søgnesand – Grovabreen – Sægrov


Med blåis som danna eit flott syn mot himmelen og dei glatte og stupbratte fjellsidene tett innpå, gløymer vi at terrenget er bratt og at sola «steiker».

Den vesle sideelva lengre oppe i dalen lagar ei naturleg fontene «Pissaren». I dag var dette eit imponerande syn.

Oppe på breen kunne vi skimte fjelområda i fylket vårt. Med den flotte utsikta frå Grovanipa (lokalt kalla Grovanova), kunne vi absorbere alle inntrykka «Sunnfjords juvel» hadde gitt oss denne varme og flotte septemberdagen.


Turleiarane takkar eit kjekt turfølge for ein fin tur!

Og kanskje kjem det bilde etterkvart.    Her er bilde ​​​​​​​

Skrevet av Asle Veien 12. september 2016