Leik i blåisen

Foto: Anders Henning Sægrov

Det var 12 stk, med aldersspredning frå 11 år til godt 70, som møtte til breturen på søndag. Sidan vermeldinga ikkje var den beste for laurdagen, slo vi saman seniortur og Leik i Blåisen til ein tur den dagen veret var meldt best, søndag.

Veret vart nok ikkje heilt slik vi håpa på, regn den ein timen og opphald den neste. Men, igen leid noko naud. Vi gjekk opp på austsida av elva i det flotte jettegrytelandskapet. Vel oppe og etter at alle hadde fått utdelt og ikledd seg utrsuting for bretur,  delte vi oss i to taulag og gjekk mot sprekker og brefall. I bredalane vart det laga til tau slik at dei som ville fekk prøve å klatre i isveggane. Etter ei god økt i breen snudde vi nasen heimover og nede igjen på Høyset i Stardalen i femtida.  

Takk for turen.

Helsing turleiarane Per Tore Meier og Irene Befring.

Fleire bilde frå Anders Henning Sægrov her ​​​​​​​

Bilde frå Dag Nestegjerde. Bruk pilene på bildet

Haugabreen 11.9.16

Skrevet av Asle Veien 12. september 2016