Og ut av skodda...

Bratt, men flott opptur
Bratt, men flott opptur Foto: Jan Roar Sekkelsten

Spenninga var til å ta og føle på då vi la i veg frå Lekva. Det store spørsmålet var: Lettar skodda?

Yr.no lova delvis skya og gløtt av sol etter ei regntung natt. Det 21 personar frå Indre Sunnfjord Turlag og Vik Turlag såg opp mot dagens turmål – Gygrekjeften på Lihesten – var skodde langt ned i lia. Men eit gløtt av blå himmel ute i Sognesjøen gav håp, og sterke i trua på Yr la vi i veg oppover den bratte lia frå Lekva i Lifjorden. På sleip leirejord, våte steinar og i ein sti som partivis minna meir om ei elv enn ein sti tok vi det roleg. Skodda låg tjukk over oss, og mange nytta tidleg høve til å ta nokre bilete utover Lifjorden i tilfelle det var den einaste utsikta vi fekk på turen.

Men til vår store glede oppdaga vi at vi aldri nådde igjen skoddelokket der vi snirkla oss oppettar den bratte lia. Og i det vi passerte gjennom det trange og stort sett alltid vindfulle skaret før vi kjem opp på sjølve platået, forstod vi at Yr for ein gongs skuld var til å stole på. Brått var skodda borte og vi fekk jamvel gløtt av sol. På 3L-stølane var det matpause før det bar vidare innetter platået i kupert terreng.  Ein skoddedott på toppen fekk opp spenningsnivået igjen, men då vi etter sju kilometer og dryge tre timars gange såg varden fekk vi betalt. Det var nemleg ikkje berre varden vi fekk sjå. Gygrekjeften viste seg frå si beste side og bydde på 360 grader utsikt over ytre Sogn og deler av ytre Sunnfjord. Austtoppen på Lifjellet er ikkje høgare enn 714 meter, men med unnatak av vesttoppen –Risnesnipa – har den ingen andre høge toppar rundt seg som stengjer for utsikta.

Dei mest modige i turfølgjet tok seg tida til å krype ut på stupet for å kjenne på suget av 700 loddrette meter ved den velkjende fjellformasjonen der deltakarane i 71 grader nord på TVNorge låg og sov i hengekøyer over avgrunnen i eit av programma. Etter ei mengd selfies, fellesbilete og bilete i alle vinklar og variantar bar det nedover igjen, i det skodda på ny la si klamme hand over toppen. Vi gjekk same ruta tilbake. Veret heldt seg bra, og den bratte stien ned frå skaret og ned til Lekva var ikkje våtare og sleipare enn at alle kom seg velberga nedatt. Rett før vi kom ned til vegen og bilane meinte vergudaneat vi trengde ei påminning om kor heldige vi hadde vore, og ga oss ein solid, men kortvarig dusj. Så vel nede ved bilane var det ein del møkkete skotøy, gamasjar og bukser å sjå. Men kjensla av å stå på toppen av ytre Sogn og nyte utsikten og samstundes kjenne på suget frå avgrunnen, betalar mange runder med vaskemaskinen.

Tekst og foto: Turleiarane Jan Roar Sekkelsten og Roy Raasholm Fauske