Blåane i solnedgangen

Seks turgåarar møtte opp på Esso klokka seks og ville vere med på onsdagstur til Blåane 622 m.o.h. på ein mild og fin haustkveld.

Vi køyrde til Moskog, og gjekk traktorvegen forbi Mostølen. Følgde vidare ein delvis utydeleg sti til vi møtte på råkja som kjem opp frå Solheim. Nydeleg turvêr, gode blåbær og kjekke folk = fin fin tur for sju inkludert turleiar. Var nede ved bilane kl 21, då var det blitt ganske mørkt, men det gjekk akkurat uten å bruke lykt.


Tekst og foto: Turleiar Frida Mulen