Turen til Haugabreen lørdag er utsett til søndag 11/9

Det er framleis ledige plassar på turen.

Turen til Haugabreen laurdag 10. september er utsett til søndag 11. september pga vermeldingane. Det betyr at vi slår saman dei to planlagde turane til bre- og fjellsportgruppa og seniorgruppa i helga til EIN fellestur som altså går på søndag, då det er meldt bra ver. Det er framleis ledige plassar. Ta kontakt med turleiar Irene Befring om du ønskjer å vere med. 

Avreise frå Esso i Førde kl. 08.00.

Vi samlast på parkeringsplassen ved Haugastølen ca. kl. 09. Den ligg i enden av bomvegen som går opp frå Høyset. Her får de utdelt breutstyr.

Hugs bompengar.

Derfrå går vi via stølen til brekanten. Ca. 1-2 timar alt ettersom, med ca. 300 m stigning.

Ved brekanten tar vi på breutstyr, knyter oss inn i tauet og tar ein rundtur i isen.

I år er den særdeles fin og god å gå på. Den har flotte spennande formasjonar, og det er ei eventyrleg oppleving å vandre rundt i dette islandskapet.

Vi går roleg og har god tid til å sjå og fotografere.

Dersom nokon ønskjer meir spenning, vert det høve til å prøve å klatre i isen. Vi tar med klatreøkser.

Det kan verte kaldt på breen, så ha gode varme klede, hanskar, hue, stillongs og gjerne ei ekstra varm jakke til å ta på i pausar. Det er viktig med fjellsko for å få stegjerna til å henge.

Dette er ein tur som krev godt ver. Treng ikkje vere strålande sol.

Breutstyr har vi til låns dersom du ikkje har sjølv. Meld frå om du vil låne. Gratis for medlemmar, kr 100 for ikkje-medlemmar.

Hugs å melde deg på, og dersom de har spørsmål, kan dei rettast til turleiar Irene Befring tlf. 94347131.


Vel møtt til ein strålande dag i blåisen!

Sjå bilde frå turen sist år