Tre tøffe i pøsregn

Foto: Frida Mulen

Tre tøffe turgåarar møtte opp på Esso i pøsregnet og ville på Smådalsnipa. Vi gjekk frå Kleppstølen halvsju og brukte ein time og ti minutt opp. Vi trong lita tid på å sjå oss om, for skodda låg over det meste. Men halvveges oppe letta det litt, slik at vi såg eit stykke utover Førdefjorden og eit lite hol med blå himmel, og det slutta å regne. På toppen skreiv vi oss i boka, men pausen der blei ikkje lang. Det var så vidt begynt å skymast då vi kom ned att på Kleppstølen. Vi var einige om at turen og veret vart betre enn vi kunne vente, og at det alltid er godt å komme seg ut. Turleiaren seier takk for turen til dei tre tøffe.

Klikk her for å skrive tekst.

Skrevet av Asle Veien 1. september 2016