Og så letta skodda

Alle 85 deltakarane frå fellesturen med Indre Sunnfjord Turlag og Indre Nordfjord Turlag.
Alle 85 deltakarane frå fellesturen med Indre Sunnfjord Turlag og Indre Nordfjord Turlag. Foto: Indre Nordfjord Turlag

… og gav oss uforgløymelege utsyn og god trim i brattebakkane. Ein tur for minneboka.

Dagen var komen. Dagen då den nyrestaurerte stien opp frå Oldedalen til Oldeskaret skulle prøvast. På førehand vart vi fortalt at det no var slutt på å klore seg fast i bjørketre og hamrar eller åle seg ned sleipe svaberg.  Med trapper og kjettingar i dei mest utsette partia, var det ikkje tilstanden på stien opp den stupbratte fjellsida frå Melkevoll bretun som uroa oss mest. Nei, nok ein gong var det vergudane som utfordra sinnelaget vårt. Og spenninga var litt til å ta og føle på blant dei 25 passasjerane i bussen frå Stardalen til Oldedalen på morgonkvisten.  Skodda låg som eit kvitt tak over Nordfjorden då vi kom ned frå Utvikfjellet. Innover i Oldedalen var det ikkje betre. Fekk vi utsikt eller vart det ein tur i skoddeheimen.

Vi vart bønnhøyrde. Då heile 85 (!) deltakarar frå Indre Sunnfjord Turlag og Indre Nordfjord Turlag fann kvarandre og sette kursen opp fjellet frå Melkevoll letta skodda. Sjølv sola kikka framom fjella – og skyene. Dermed steig humøret blant sunnfjordingar, nordfjordingar, sogningar og sunnmøringar i takt med tal høgdemeter vi gjorde unna opp den stupbratte fjellsida. Sva, kløfter og litt lumske berghamrar gjekk som ein leik. Vi følte vel alle at vi gjekk i eit slags prospektkort der vi innimellom tok fram mobilen eller kameraet for å forevige det eine utsynet vakrare enn det andre.

Etter vel tre timar var vi oppe i sjølve Oldeskaret, kring 1100 meter over havet. Her tok vi ein lenger matpause i vindstilla og eit svakt solskinn. Lykkekjensla var til å ta og føle på og gav oss ekstra energi på den siste drygt halvannan time sjarmøretappen ned til Haugastøylen i Stardalen som var målet for turen.

Dagsturen kan anbefalast på det sterkaste. Du går i noko av det vakraste Norge kan by på av natur der du går mellom spisse tindar, brear og blenkjande fjellvatn. Utsynet utover Oldedalen og Briksdalsbreen er spesielt vakkert.

Og til deg som ikkje tok den gamle ferdselsruta mellom Nordfjord og Sunnfjord denne gongen: den går fint å gå åleine om du er i normalt god form. Turen er merka som krevande og oppstiginga frå Oldedalen er svært bratt. Etter kring 600 høgdemeter byrjar terrenget å verte litt slakkare, men det er framleis god stigning opp mot Oldeskaret. Etter at stien er blitt utbetra med trapper og kjettingar i dei utsette partia byr den ikkje på spesielle utfordringar, men er det vått og du skal gå ned bør du vere forsiktig og ta det med ro. Vi brukte kring fem og ein halv time, inkludert pausar, på heile turen.  Ruta er delvis merkt, men stien er stort sett råd å sjå heile vegen. Lengda på turen er ifølgje underteikna sin Garmin GPS 11,5 kilometer – frå Melkevoll bretun til parkeringsplassen på Haugastøylen.  Største utfordringa er eigentleg transportlogistikken når du går frå ein dal til ein annan. Vi løyste det med innleigde bussar, men går du åleine krev det meir kreative løysingar.

Turleiarar frå IST var Lydia Nesje, Vigdis Flaten Kvamme og Roy Raasholm Fauske.