Tverrdalstind

Foto: Per Tore

Turen til Tverrdalstind (1585 m.o.h) starta på Anestøylen, der sju personar og ein hund møtte.  Dei trivelige og spreke turdeltakarane kom både frå Sunnfjord, Sogn og endatil Bergen. 

Vi tok motbakkane med frisk mot og tok raskt høgdemeter.  Vidare gjekk turen bortover i flott terreng før vi kom til ei snøfonn, der vi fann det tryggast å gå med stegjern.

Etter ei god matøkt i Yngdalsskaret, vart det litt klyving før vi nådde toppen etter ca 4,5 timars gange.

Turen tok totalt 8 timar i fint turvær og alle var einige om at dette var ein særdeles fin tur.

Takk for turen!

Skrevet av Asle Veien 28. august 2016