Onsdagstur på Tindefjellet 24. august

Foto: Lydia Nesje

Ingen onsdag i sommarsesongen utan turlagstur med IST, men denne kvelden heldt det hardt, kun 1 deltakar hadde tru på både været og turmål.  Ein kveld med litt skodde stoppa nok mange frå å være med vil eg tru, men på god sti frå Årset er det ikkje noko problem å nå toppen trass i vekslande vær.

Dei to i turfylgjet fekk ein flott tur, god temperatur, kun ei lita regnbyge, tidvis sikt innover Jølstravatnet og glimt av sol på toppen. Turen gikk raskt oppover med nokre blåbærstopp undervegs, heldigvis ikkje sprekk i feltet, vi gjekk samla...Ein særs positiv turdeltakar hadde ikkje vore på Tindefjellet før og vi rasta ein halvtime på toppen der vi studerte kart og snakka om kva vi kunne ha sett, turleiar takkar for triveleg tur og ein god prat.

Skrevet av Asle Veien 1. september 2016