Augustnatt under Midtmaradalryggen

Foto: Torgeir Herstad

Med overnatting under open himmel får alle turar ein ekstra dimensjon.  Men ingen har garanti for at det er ettertrakta – medan det står på – å vente timevis på ei demring som enno ikkje har lært seg at tid er pengar. 

Laurdag 20. august starta 13 fjordingar og ein sogning med lett sinn frå Tindeklubbhytta i Skagedalen, og med Store Midtmaradalstinden som mål.  Til Skagastølsbandet, over Midtmaradalsbreen og opp til Lågskaret var det enkel vandring.  Etterpå møtte vi eit fjell som såg med grimasar på masseturisme.  Vi måtte stadig ut med tau for å liste inntrengarane trygt forbi bratte hindringane.  Det stolte fjellet hadde slett ikkje hadde spart på dei.  Nokre nesten synlege vardar viste retninga på ruta.  Dei var prega av høg alder og kamuflasjedrakt av mørk lav, og dei sa ingen ting om korleis vi skulle komme oss frå den eine til den andre.  

            Slik gjekk timane, raskt på klokka og sakte på fjellet.  Men ho dukka til slutt opp, ei venleg renne som gjekk heilt opp på ryggen.  Sjølve toppen tok imot oss på ein enkel måte klokka seks. 

            Så skulle vi attende, og det var ikkje berre å gå nedover.  Vi måtte bortover i fjellsida, og jamvel oppover for å nå Lågskaret.  Berget med ei sann overflod av skorpelav var nå dynka av regn, og glatt som eit partiprogram.  Skodda dreiv over steinane.  Kvelden minka raskare enn håpet om å nå fram, men til slutt var det inga bøn.  Mørkret stengde alle vegar.  Etter fem timar med Morset-gymnastikk for å halde varmen, augna vi lovnad om ein ny dag, og ekspedisjonen kom seg på føtene med ny iver.  Vi nådde Lågskaret, det lova landet.   Etter 27 timar var heile flokken attende ved Tindeklubbhytta, merka for livet av strabasiøs glede.


Turleiarar:  Terje Jan Nes og Erik Solheim (referent)

Erik Solheim, forfattar og fjellførar.
Erik Solheim, forfattar og fjellførar. Foto: Asle Veien

PLASSER MUSEPEIKAR OVER  BILDE UNDER OG TRYKK PÅ PILENE SOM DU DÅ SER, FOR Å BLA TIL FLEIRE BILDE.

Store Midtmaradalstind 20/8-2016

Skrevet av Asle Veien 24. august 2016