Lunde Fjærland

Foto: KJell Kleiven

Lørdag morgon låg skodda heilt ned på vegen i Lundebotnen, der 41 turdeltakarar sto klare til å starte på turen opp Lundeskaret. Av dei som hadde møtt opp var det fleire som var med i fjor, då vi snudde på toppen av Lundeskaret, på grunn av mykje regn og vind.

I håp om at det skulle bli beire i år ville dei prøve på nytt, men litt tvil var det kanskje når skodda låg som den gjorde.


Om skodda låg tjukk i starten varte det ikkje lenge før vi såg blå himmel, og dagen skulle bli heilt perfekt for denne tradisjonsrike turen opp Lundskaret, og vidare over Marabreen, til Kvitevardane og ned til Bøyadalen.Vi tok oss god tid og brukte mesteparten av dagen, naturen rundt er vill og vakker, og når sola skinte trengte vi ikkje stresse for å komme tidleg fram.

Det er gjort mykje arbeid med stien opp Lundeskaret dei site åra, der det tidlegare var vanskeleg å ta seg fram er det no laga trapper, og noke å halde seg i, om ein føler seg usikker.

Marabreen er ein trygg bre å bevege seg på, slik forholda var no trengte vi verken tau eller stegjarn, den bratte snøfonna opp mellom kvitevardane var heller ikkje noke problem.

Stien ned i Bøyadalen har nok vore meir brukt i tidlegare tider, for monge plassar var den nesten igjengrodd og vanskeleg å sjå, av den grunn litt krevande å gå når ein ikkje heilt ser kor ein setter føtene. Monge meinte at dette var det mest krevande på turen, men alt i alt ein velykka og fin tur.


Ref og turleiar Kjell Kleiven.

Lunde-Fjærland 2016

Skrevet av Asle Veien 22. august 2016