Onsdagstur til Nova 17.AUGUST

Foto: Lydia Nesje

NOVA DVERGSDALSDALEN
 
Endeleg ein onsdagstur i nydeleg sommarvær, 20 varmegrader og vindstille, Jølster viste seg frå si beste side. Turleiar Gunnar Sunde ønskte velkomen til atter ein gang nytt turterreng for dei fleste av oss, 16 fornøgde sjeler labba i veg oppover lia frå sandtaket i Dvergsdalsdalen. Varmt og godt på veg oppover i skogen, belønninga kom over skoggrensa med praktfull utsikt til bl. anna Grovanipa og Grovabreen. Vi følgde høgdene innover i lettgått terreng og returnerte via Dvergsdalsstølen, 3 timar vandring denne sommarkvelden var vi alle einige om var ein god bruk av fritida..

Klikk her for å skrive tekst.

Skrevet av Asle Veien 25. august 2016