Ryssdalshornet 14. august

Foto: Lydia Nesje

Etter ein lang periode med regn og skodde i regionen vår, lova yr lettare vær søndag 14.august. Vi var i alt 9 personar og ein hund som trudde på dette og møtte opp til tur ved Breimsvatnet.

Heldigvis spela været på lag og vi fekk ein flott tur i lettskya vær med noko skodde tidvis, men heldigvis glimt av sol og utsikt innimellom. Spreke deltakarar heldt god fart oppover den bratte skogsbilvegen til Ryssdalsstølen, dei fleste hadde ikkje vore her før. Vidare i fortsatt bratt terreng på god og tydeleg sti. Vi tok ein liten rast undervegs og kom opp på hornet etter ca 2 timar og 20 minutt, etter matpause og fotografering tok vi avstikkaren ut til den eigentlege toppen på 1201 moh.  Vi takkar yr for presis melding denne dagen...

Skrevet av Asle Veien 17. august 2016