Med gløtt til tindane

Foto: Terje Jan Nes

Vêrgudane leika gøymsel med oss, men var sjenerøse nok til å opne skodda i ny og ne.  Vi fekk sjå toppane vi var på, nokre til og med då vi var der. 

Etter ei frisk lita regnbye laurdag 30. juli stod vi ved innsteget til pionerruta mot Falketind.  Skildringa etter den første kjende turen dit i 1820 vekte oppsikt i det borgarlege Kristiania, men det var før skikken med å dragse på tau til å hjelpe seg med i bratt lende.  Vår flokk på 15 gjekk laus på veggen med hender og føter, og der var tak nok til alle.  Lett snødrev gav det heile eit sjarmerande preg av ein mild påsketur midt på sommaren. Korleis toppen, Falketind, såg ut, oppdaga vi ikkje før etter at vi hadde vore der.

            Men på vegen ned att drog dei teppet vekk frå Stølsnostinden, som kveikte iver etter meir kliving.  Første etappe var opp på ein rygg, så ned i eit skar før den siste oppstigninga.  Berre ein fekk med seg heile framsyninga av fjell og dalar som Stølsnostinden har å by på.  Resten av oss nådde saktens scenekanten, men då var teppet senka.  Slutten på programmet var å leike seg ned ein bratt bre, og så ein etappe med ordinær vandring, i selskap med drivkvite issoleier.

            Neste dag hadde flokken minka til ti, ei rekkje som bukta seg fram mot kamelryggen sør for Urdanostinden.  Ryggen går opp og ned fleire puklar, og smalnar til ei egg som får plass i neven like før halsen, eit bratt stykke i kategorien klatring opp mot toppen.  Alle greip alvoret på ein stødig måte, og for første gong denne helga rakk auga til så mange fjell at ingen visste heilt sikkert kva vi såg.  Dei fleste vart så oppglødde av denne mangelen på skodde at dei etterpå strena opp på Slingsbytinden, den fjerde 2000 metertoppen på to dagar. 

           

Turleiarar:  Terje Jan Nes og Erik Solheim (referent)

Falketind og Uranostinden

Skrevet av Asle Veien 5. august 2016