Sommaren slo følgje til fjells

Vi var i utgangspunktet 14 personar i turfølgjet. Men oppe på toppen møtte vi eit anna turfølgje som sjølvsagt fekk lov til å verte med på fellesbiletet.
Vi var i utgangspunktet 14 personar i turfølgjet. Men oppe på toppen møtte vi eit anna turfølgje som sjølvsagt fekk lov til å verte med på fellesbiletet. Foto: Frida Mulen

26 grader og vindstille. Sommaren kom som bestilt på Onsdagsturen til Sandegga i Førde.

Sjeldan har vi opplevd betre ver på ein Onsdagstur. Ja, sveitten rann oppover den bratte lia, men kva gjer vel det etter dagar med regn og temperaturar som minner meir om haust enn sommar. 

Denne gongen gjekk turen til Sandegga i Førde, 1093 m.o.h. Etter underteikna sitt syn er denne toppen ein skjult skatt  som endå fleire burde ta seg tid til å oppleve. Ikkje berre har toppen det som truleg i alle fall må vere Førde kommune sin flottaste varde, men også utsikta er storslagen i alle himmelretningar. Herifrå ser du vide omkring.

Nok om toppen no. Onsdag 20. juli sette 14 lettkledde fjellvandrarar seg i bilane ved Esso i Førde. Herifrå sette vi kursen mot Nydal i Holsen, før vi deretter tok av til Øvre Nydal før vi til sist svinga av på Nydalsvegen - bomvegen (40 kroner) opp til Nydalsstølen. Vi parkerte ved høgspentamasta der bilvegen går over til å verte trakorveg, nokre hundremeter nedanfor sjølve stølen. Nydalsstølen er eit smykke i seg sjølv. Velhaldne stølshus og nyslåtte bøar. Ja, her oppe oppdaga vi også at dei hesjar graset, 575 meter over havet. Snakk om å halde gammal kulturarv og kulturlandskap i hevd.

Frå Nydalsstølen er stien til Sandegga skilta slik omtrent midt inne i stølsgrenda. Stien går bratt oppover lia. Den er godt synleg og relativt godt merka begge vegar med raude prikkar på berg, steinar og små vardar i terrenget. Med andre ord går det heilt fint å gå turen åleine utan at du er kjent i området. I alle fall om det er god sikt, og ikkje skodde.

Frå stølen og opp til toppen brukte vi ein time og 23 minuttar, inkludert nokre korte pausar. Oppe på sjølve toppen stod sola høgt på himmelen i vindstilla. Så fantastisk flott var det på toppen at ingen av oss eigentleg hadde lyst til å bryte opp etter ein god halvtimes pause. Men klokka gjekk og vi hadde ikkje anna val. Nedatt gjekk det kjapt og vi var nede igjen til bilane på rundt tre kvarter.

Tekst og foto: Turleiar Roy Raasholm Fauske