Tur til flott utsiktstopp

Onsdag 13. uli gjekk kveldsturen til Hatlesetnipa i strålande ver med sol og sommarvarme

Det vart ein flott oppover furuskogen, etterkvart med fin utsikt til Eikefjord og Håsteinen, Norddalsfjorden og vestover mot Florø. 14 personar hadde ein triveleg tur. Det var vindstille og flott på toppen, så vi rasta lenge for ein gongs skuld. Geitene heldt oss med selskap og vasa rundt i håp om å få nokre godsaker frå sekkane... På returen var vi plutseleg blitt 16 personar. Rare ting kan skje på tur, og ikkje alle er like gode til å telje. Vi hadde i alle fall ikkje noko svinn...
 

Tekst og foto: Lydia Nesje