Skjorta 10.juli

Foto: Lydia Nesje

21 spreke, turglade personar og 2 hundar møtte opp i Førs for tur til Skjorta i dag, kjendtmann og turleiar Gunnar Sunde informerte litt om turen og for dei fleste av oss var dette eit nytt turmål.

Vi starta på grusveg bratt oppover lia i varmt og flott sommarvær, praten gjekk lett og fint, veldig kjekt at det kom folk frå mange delar av fylket, det tyder på at turlysta er stor og at ein ynskjer å sjå nytt terreng. Etter grusvegen gjekk vi videre på bratt sti oppover og tok raskt høgdemeter, kryssa elva og kom opp i lettare terreng over tregrensa. Været spelte fortsatt på lag og vi var optimistiske og tenkte at yr hadde surra. Men då vi kom opp til Tverrlivatnet vart det noko vind og småregn, vi tok ein rast ved vatnet og labba friskt i veg videre oppover. Aldri aktuelt å snu for turglade folk sjøl om regnet auka på, vi fylgde austryggen mot toppen, kryssa nokre snøfenner og lurte oss til topps litt før skodda kom sigande. På toppen fann vi ein noko nedrasa og vindskeiv varde, men pytt pytt, vi kom til topps og hadde det fint. Været innbaud til ein rask retur, og halvveges nedatt til vatnet løya vinden og regnet stoppa, då vart det fint resten av turen. Til topps kom vi 20 stk og 1 hund, Luna, ei dame m hund valde å snu. Alle var veldig fornøgde med turleiar Sunde, han heldt ein behageleg fart oppover og bør få nye turoppdrag i turlaget var vi samde om. Takk for turen til ein kjekk og positiv gjeng."
 
Ref L. Nesje

Skjorta 10.07.16

    

Skrevet av Asle Veien 10. juli 2016