Trilletur til Hunsrasta

BT Førde arrangerte, i samarbeid med helsestasjonen i Førde, trilletur til Hunsrasta tysdag 28. juni.

Veret var heller grått og vått, men med tidvis små glimt av sol. Solide regnbyer hadde nok "skremt vekk" ein del potensielle turdeltakarar, men for dei 10 borna og åtte vaksne som møtte vart det ei forfriskande og kjekk stund i verdas største leikeland!

Tekst og foto: Kristin Syltesæter