Vil du bli med å byggje ny turisthytte på Skåla?

Skålatårnet. Sikringshytten du ser til venstre er revet og ny turisthytte er under bygging for å avlaste Skålatårnet.
Skålatårnet. Sikringshytten du ser til venstre er revet og ny turisthytte er under bygging for å avlaste Skålatårnet. Foto: Johnny Bjørge, Bergen og Hordaland Turlag

Vil du bli med og realisere Norges mest spektakulære bygg på Skåla, 1843 moh.?

Ny turisthytte på Skåla

Bergen og Hordaland Turlag jobbar no med å byggje ei ny turisthytte ved sida av Skålatårnet. Hytta vil ha 19 sengeplassar og skal vera open året rundt. Dei siste åra har vi registrert ei enorm interesse for Skålatårnet, og målet er at den nye turisthytta skal avlaste det gamle tårnet. Vi har lenge slitt med frostsprenging som følgje av at besøkjande fyrer om vinteren og våren, når det enno er kaldt i steintårnet. Vinterstid vil det ikkje vera mulig å fyra i Skålatårnet, men hytta vil vera open for gjester. Gravearbeidet starta i midten av juni, og hytta vil truleg vera ferdig utpå hausten. 

– Bergen og Hordaland Turlag håpar å få med fleire i finansieringa av den nye turisthytta på Skåla, seier daglig leiar i Bergen og Hordaland Turlag, Helene Ødven. Budsjettet for nybygget er 6 130 000 kroner. – Vi har fått ein del midlar frå det lokale næringslivet i Stryn, samt spelemidlar frå Kulturdepartementet, støtte frå Olav Thon-stiftinga, stiftelsen Uni og eit bidrag frå familien Kloumann. Men vi har enno att 3 910 000 kroner mot budsjett når ein ser vekk frå eigenkapitalen fra Bergen og Hordaland Turlag som er lagt inn i prosjektet. Vi har hatt litt dårlig timing sidan det vert bygd ei gondolbane i Loen også dette året, og mykje pengar lokalt vert lagt i dette prosjekt, fortel Ødven.

Turlaget ønskjer fleire hyttevener

Turlaget er svært glad for dei nye hyttevenene vi har fått i det lokale næringslivet i Stryn. Her har bedriftene Miljøservice, Isco, AHB Invest, Thor Tenden Transport, Skogstad og Olden bidratt med 25.000 kroner kvar, og Nordfjord Kjøtt med 50.000 kroner. Men mykje gjenstår. Turlaget ønskjer fleire hyttevener, og kanskje kan det vera medlemer som sjølve ønskjer å bidra eller kjenner til verksemder som kan bidra?

– Som hytteven bidrar du til viktig tilrettelegging for friluftslivet, seier Ødven. – Du vil få namnet ditt skrive på eit skilt inne på den nye hytta, og du får også fin profilering i våre mediekanalar om du ønskjer det. I tillegg har vi ordningar knytt til gratis overnattingar om du vil ha med vener eller kundar, og vi vil lage eigne T-skjorter og capsar med logoprofilering. Elles er vi opne for kreative idear!

Dette får du som hytteven:

  • Namnet ditt/bedrifta på skilt inne på turisthytta
  • Profilering i Bergen og Hordaland Turlag sine mediekanalar
  • 5 gratis overnattingar til vener eller kundar
  • Profilering på t-skjorte og caps
  • Invitasjon til den offisielle opninga i 2017
  • Og gleda over å vere med å realisere Noregs mest spektakulære hytteprosjekt 1843 moh.!

Grensa for å bli hytteven er 25.000 kroner som eit eingongsbeløp.

Turlaget vil sjølvsagt vere takksame for mindre bidrag til byggeprosjektet. Vi ser for oss å sette opp ein bauta langsmed stien rett før toppen med takk for alle bidrag, også mindre beløp med namn på givarane. 

Er du interessert i å bli hytteven? Ta kontakt med Helene Ødven, mob: 982 49 808, helene.odven@dnt.no.