No kan du igjen bu på Longevasshytta

Påbygget gjer at hytta får plass til fleire gjester.
Påbygget gjer at hytta får plass til fleire gjester. Foto: Kjell Kleiven
Hytta er opna for vanleg bruk.

Etter stor dugnadsinnsats siste helga i juni er Longevasshytta igjen klar for å ta imot turfolk for overnatting og dagsbesøk. Hytta har vore stengt ei tid på grunn av byggjearbeid.


Det gjenstår framleis litt mindre arbeid både inne og ute, men omfanget er ikkje større enn at det ikkje er til hinder for vanleg bruk. Dugnadshelgene vert kunngjorte på nettsida vår. Sjølv om hytta er opna igjen oppmodar vi besøkande om ikkje å bruke påbygget før det er heilt ferdig og såleis klart til bruk.


Hytta er ikkje berre blitt større, men den har blant anna også fått både ny kjøkkeninnreiing og gasskomfyr, som er klare til bruk.


Førerapport 26. juni:  Det er ein del snø langs Stegsvatnet. Enkelte stader er det litt krevjand å gå på der snøen går skrått ned i vatnet. Frå Kupa og inn til Vassvendevatnet er det snø enno. Dette vil betre seg etterkvart framover.


Tekst: Kjell Arne Hjellbrekke, leiar i Indre Sunnfjord Turlag


Dugnadsgjengen tek seg ein velfortent pause med utsikt inn i det nye påbygget.
Dugnadsgjengen tek seg ein velfortent pause med utsikt inn i det nye påbygget. Foto: Kjell Kleiven