NY REKORD FOR 7-FJELLSTUREN

Foto: Kjell Kleiven
61 deltakarar gjekk over målstreken i Grovene.

På den første 7-fjellsturen i 1994 var det sju personar som gjekk over alle toppane. Etter dette har det auka jamt og trutt. Eitt og anna år har det gått litt ned i forhold til året før, men totalt sett har det vore ein god auke når vi ser tilbake på dei 22 turane som er gått.

Fleire bilete frå turen ser du her:

Lørdag morgon var heile 66 personar klare til å starte på den lange og krevjande turen over sju av fjella som omkransar Førde: Fureviknipa, Skinnbroka, Fauskevarden, Halbrendsnipa, Hafstadfjellet,Viefjellet og til slutt Førdsnipa.

Veret denne dagen var av det beste slaget som noken gong har vore på denne turen. Det var første gongen vi kunne so å seie gå tørrskodde frå start til mål.


Dette er ein tur på nesten 40 kilometer, 3000 høgdemeter opp og 3300 ned. Med andre ord kan ein seie at det meste av dagen går med.

 

Av dei som var med i år var det ni svært unge, frå 8 til 13 år. Nokre av desse har gått turen både to og tre år. Den eldste denne gongen var superveteran Andreas Etterlid, snart 73 år. Han er den einaste som har gjennomført turen alle gongane den har gått, i alt 22 gonger. Den yngste i år var som sagt åtte år, Hans Ktistian Nondal, Han er blant tre-fire åtte-åringar som har fullført turen.

 

Pizza og brus er blitt ein tradisjon, og ved Ryggjabrua, før siste oppstigninga mot Hjellestølen og Førdsnipa, var Pizzamannen på plass med godsakene. Dette smaka som vanleg svært godt.

 

Turen starta i Vasslia klokka 07.30 og sistemann var nede i Grovene i 22-tida lørdag kveld.

 

Tekst: Turleiar Kjell Kleiven