Turrapport frå Vetvika

Foto: Svenn-Petter Kjerpeset
34 blide deltakarar frå Indre Sunnfjord Turlag, Flora Turlag og Keipen Turlag starta i skodde og småregn.

Det var ein småkald start på turen då vi vandra mot Vetvika. To dyktige turleiarar, Svenn-Petter Kjerpeset og Morten Haugum frå Keipen Turlag, losa oss trygt på turen. Då vi kom så langt at vi kunne sjå ned i Vetvika braut sola gjennom og gjorde det til ein solrik, men småkald dag. Kjekke turdeltakarar med humøret på topp gjorde sitt til at det vart ei oppleving. Svenn-Petter fortalde om livet i Vetvika før i tida.

I Vetvika var det stopp der vi kunne bade, ete, gå ein tur bort på gamle kyrkjegarden, sjå på Hattesteinen og gå ein tur bort til Bautaen før vi tok til på heimvegen.

Takk til turleiarar og deltakarar for ein fin tur!

Tekst: Eli Mehlum Stølan