Onsdagstur til Middagsfjellet

Foto: Lydia Nesje
I kveld hadde 18 personar lagt turen til Vassenden for å nyte sommarkvelden med tur opp på Middagsfjellet, 1173 moh.

Vi køyrde først opp bomvegen i Gjesdalen. Turen gjekk så vidare på god sti oppover i bjørkeskogen, ovanfor skoggrensa i lettgått og småkupert terreng. Praten gjekk lett og fint, mange hadde ikkje vore her før og var godt fornøgde med utsikta på denne turen. Vi såg faktisk alle bygdene på nordsida av Jølstravatnet. På toppen var vi 17 personar, då ei valde å snu nedatt litt tidlegare. Vi tok oss ein god matpause ved varden og var einige om at dette var ein god bruk av sommarkvelden.

Tekst og bilete: Lydia Nesje