Lynkjapp TiTur

Synnøve Iversen blei den fysste som leverte fulltegna TiTur-kort
Synnøve Iversen blei den fysste som leverte fulltegna TiTur-kort Foto: Astrid Kalstveit

Synnøve Iversen, busett i Førde, blei den fyrste som kom innom Astrid Kalstveit på turlagskontoret for å levere eit ferdig utfylt startkort i TiTur Førde. Synnøve tjuvstarta 31.05 og har deretter vore på tur 1.,2., 3., 4., 5., 6., 7. og 8. juni. Ein dag tok ho likegodt to toppar. Fantastisk innsats og vi synest ho har utnytta det fine veret vi har hatt dei siste vekene særs godt. Synnøve får IST sin turkopp, og er med i trekninga om ei av to ytterjakker frå Bergans. Vi gratulerer! Vi du óg vere med på leiken, kan du lese meir om TiturFørde og laste ned startkort her.