IST på Via Ferrata

Foto: Asle Veien
Vi var 17 spreke som tok turen opp langs Ormen lange dei 10 hundremeterane mot Hoven laurdag 11. juni. Mange fleire ville nok vere med på turen, men IST har ikkje slyngjer og utstyr til fleire - ikkje synes eg vi skal ha det heller.
Ein del blir nok skuffa når det ikkje er plass, men IST sin filosofi er at vi skal ha eit godt forhold til Loen Aktiv som driv Via Ferraten på kommersielt grunnlag. Vi bør derfor ikkje gå dei for hardt i næringa. Derfor samlar vi og inn 200.- pr deltakar som vi overleverer til Loen Aktiv som vår skjerv til vedlikehald av Ferrataen.
Ein anna grunn til ikkje å vere større gruppe, interessa for turen er stor, er at det utfrå eit sikkerheitshensyn vert uoversiktleg for turleiarane.
Men, dei 17 som var med fekk ein flott tur i vestlandsnaturen på det vakraste. Ingen hadde store problem med å kome seg opp dei bratte fjellsidene. Heller ikkje med den luftige turen over brua. 
Vi hadde med oss 3 unge jenter som imponerte oss som er litt eldre. Utan respekt før høgde leika dei seg over både hengebrua og wirebrua. 
Vel oppe på toppen kunne sjå at neste år tek vi kanskje gondolen ned igjen, for turen ned til Oppheim følest lang etter den betydeleg meir spennande vegen opp.
Takk for turen til ein flott gjeng.

Skrevet av Asle Veien 12. juni 2016